Premiedryss etter avslutta tur-o-sesong

26.11.24

Plakettvinnarar etter årets tur-o-sesong i regi av Sveio O-lag: Frå venstre: Magnus Notland, Nils Ove Notland, Alice Enerstvedt og Jana-Elena Koser. I fremste rekke står Hanna Lanea (6), ein av årets yngste gullmerkevinnarar.

Årets tur-o-sesong er avslutta og Sveio O-lag har nyleg arrangert sin årsfest med utdeling av merke, plakettar og premiar.
Under tilskipinga i Førde samfunnshus, kunne meir enn 150 blant dei meir enn 200 deltakarane gjennom årets sesong ta imot synlege bevis på velfortent heder og ære.
Blant merkevinnarane blei 90 tur-o-deltakarar heidra med gullmerke. Tre av dei mest ihuga og uthaldande tur-o-folka kunne etter årets sesong ta imot kvar sin gullplakett. Dette tyder at dei har oppnådd gullmerke gjennom 15 sesongar. Dei tre gullplakettvinnarane var Marianne Svarverud Hansen, Synnøve Espeseth og Marit Tveit.
Det blei i tillegg delt ut tre sølvplakettar og fem bronseplakettar. Gjennom årets tur-o-sesong kunne deltakarane orientera seg fram til i alt 119 ulike tur-o-postar, som var spreidde i ulike terreng kring i mest heile kommunen. Fire deltakarar, Roald
Johannessen, Linda Beate Peters, Jana-Elena Koser og Hildegunn Halleland besøkte alle desse postane.
Tur-o-deltakarar som ønskjer å kvalifisera seg for merke og plakettar, må registrera seg og sine postbesøk enten på Sveio-o-lag si nettside for turorientering eller senda inn eit deltakarkort på papir etter at sesongen er avslutta. Talet på deltakarar som vel nettløysinga aukar jamt. 154 nytta dette tilbodet i år, medan vel 20 valde papirløysinga. På nettsida blei det gjennom denne sesongen registrert nær 7000 postbesøk, noko som vitnar om at turorientering lokkar svært mange ut i skog og mark i Sveio.


Faktura for medlemskontigent 2024

22.05.24
Har du fått spørsmål om faktura frå "Buypass AS"?

Sveio O-Lag har nå sendt ut årets faktura for medlemskontigenten 2024 og denne blir då utstedt av Buypass AS og er derfor dette selskapet står som mottaker.
For å finne fakturaen må du opne mailen "Betalingsinformasjon fra Sveio Orienteringslag" og trykke på "Klikk her for å se faktura". Frå den sida kan du trykke på knappen "Last ned" for å få faktura som PDF.

Sveio Orienteringslag har gått over til å bruke Min Idrett som medlemssystem på grunn av nytt regelverk som Norges Idrettsforbund innførte frå og med 1.1.2020.
Sveio Orienteringslag treng deg som medlem for å oppnå størst mogeleg tyngde i kampen om ressursar og løyvingar til utarbeiding av nye kart og nye aktivitetstilbod.
Takk for at du støttar arbeidet vårt!

Dersom du ikkje allereie er medlem kan du bli medlem via denne linken Bli medlem hos Sveio O-Lag

Flott at idretten sørgjer for at det er enkelt å verte medlem :)


Årsmøte 2023

13.04.23
Årsmøte blir torsdag 27.april 2023 kl 19 på Førde Samfunnshus.
Saker som medlemmer vil ta opp på årsmøtet, må meldast til styret innan mandag 24. april.

Årsmøtedokumenta er oppdatert og kan finnast i menyen til høgre.




Årsmøte 2022

25.04.22
Årsmøte blir torsdag 28.april 2022 kl 19 på Førde Samfunnshus
Sakspapirer finnes i menyen til høgre.




Årsmøte 2021

21.04.21

Torsdag 29. april kl. 19.00 i Førde Samfunnshus.

Vanlege årsmøtesaker.

Saker som medlemmer vil ta opp på årsmøtet, må
meldast til styret innan mandag 26. april.
Av smittevernomsyn ønskjer styret at
årsmøtedeltakarane melder seg på via
telefon 958 86 376 innan onsdag 28. april kl. 1600.

Årsmøtedokumenta kan hentes fra menyen til høgre.
Vell møtt!


Årsmøte tysdag 18. feb av Kristian i kategori Diverse 09.02.20
Årsmøte i Sveio Orienteringslag av Kristian i kategori Diverse 28.02.18
Årsmøte i Sveio Orienteringslag av Kristian i kategori Diverse 26.02.17
ÅRSMØTE av Kristian i kategori Diverse 04.03.16
ÅRSMØTE av Kristian i kategori Diverse 14.02.15
Fullt fart under Storbasaren i Førde av Kristian i kategori Diverse 27.09.14
Vindmølleplanar avblåst i Ryvarden-marka av Kristian i kategori Diverse 14.06.14
Kommunens heider til Sveio O-lag av Kristian i kategori Diverse 06.06.14
Årsmøte av Kristian i kategori Diverse 09.02.14
I kø for speed-orientering av Kristian i kategori Diverse 22.09.13
Speed-orientering under Førdedagane av Kristian i kategori Diverse 20.09.13
ÅRSMØTE av Kristian i kategori Diverse 13.02.13
Årsmøte av Kristian i kategori Diverse 12.02.12
Aktivitetsdag ved Førde samfunnhus av Kristian i kategori Diverse 19.09.11
Dokumenter frå årsmøte av Kristian i kategori Diverse 04.03.11
Årsmøte av Kristian i kategori Diverse 17.02.11
Hugs å betala medlemspengar! av Kristian i kategori Diverse 03.12.10
Sveio O-lag i storfint selskap av Kristian i kategori Diverse 18.11.10
Årsplan for Sveio O-lag 2010/11 av Kristian i kategori Diverse 28.02.10
Val under Sveio O-lags årsmøte 16. februar 2010 av Kristian i kategori Diverse 18.02.10
Årsmøte av Kristian i kategori Diverse 14.02.10
Nye klubbdrakter klar for medlemmene. av Kristian i kategori Diverse 12.06.09
Pokalkampen etter Vikesprinten av Kristian i kategori Diverse 24.05.09
Ny klubbdrakt av Kristian i kategori Diverse 06.04.09
Grasrotandelen av Kristian i kategori Diverse 06.04.09
Endt årsmøte av Kristian i kategori Diverse 19.02.09
ÅRSMØTE av Kristian i kategori Diverse 15.02.09
Vakkert ver over prøve-o-løp av Kristian i kategori Diverse 24.09.08
Seks flotte turar i Sveio kommune av Kristian i kategori Diverse 12.05.08
ÅRSMØTE av Kristian i kategori Diverse 06.02.08
Vital-turen nærmar seg innspurten av Kristian i kategori Diverse 23.09.07
O-suksess under Førdedagane av Kristian i kategori Diverse 23.09.07
Vital-turen 2007 av Kristian i kategori Diverse 24.05.07
Sveio O-lag heldt årsmøte i Førde Samfunnshus 13. februar av Kristian i kategori Diverse 01.03.07
Årsmøte onsdag 22. februar av Kristian i kategori Diverse 21.02.06
Årsmøte 2024:
Sveio O-Lag på nett:
Kurs i kart og kompass
Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008