O-suksess under Førdedagane

Av Kristian den 23.09.07
Ein av de yngste deltakarane i o-løypa under Førdedagane, Emma Jørgensen, kvitterar med datatbrikka på siste post. (Foto: Johannes Førde)


Sveio O-lag fekk mange gjester i teltet sitt under Førdagane lørdag 15. september. Førdagane hadde i år lagt lørdags-arrangementet til Førde sentrum. O-lagets raude tunneltelt blei sett opp mot regn og nordavind. Herifrå kunne O-laget reklamera med utstilling av eigne o-kart og tilby to prøveløyper med orientering.
Løypene gjekk langs stiar og grusvegar ned mot Prestabryggjo/Stranda og opp langs den nye stien mot kyrkja. Meir enn tretti deltok, mange av dei svært unge rekruttane fekk prøvd orientering for første gong. Løypene var laga som proffe konkurranse-løyper med digital tidtaking. På kvar post var utplassert digital avlesar og dei unge deltakarane fekk tildelt databrikker som dei bar med seg rundt i løypa. Databrikka registrerar postpassering og tek tida.
Alt i alt ein populær aktivitet under bygdadagane.



Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008