Gå tilbake til arkivet

SVEIO O-LAGS TURORIENTERING 2014

Velkommen til mosjon i skog og mark. Dette er som ein grøn resept på helsebringande opplevingar og bør bli ein viktig del av den nye samhandlingsreforma i helsevesenet.  I tillegg til verdfull mosjon og kroppsbygging, får du mange flotte naturopplevingar med på kjøpet.

Kva er turorientering? Turorientering krev ingen særskilte kunnskapar i førevegen. Dugleiken med kart og kompass øver du opp under vegs. Postane er merka med raude og kvite plastflagg. På desse flagga står skrive posten sitt nummer og to kodebokstavar. På kontrollkortet skal du notera ned posten sine kodebokstavar ved sida av posten sitt nummer.

Turorientering er lagt opp som høvelege rundturar av varierande lengde og vanskegrad.
Lengst nord kan du parkera ved Festninga på Tittelsnes og ta ein rundtur med fem postar i skogsterrenget nord for Festninga. Dessutan er sjølve Festninga frå okkupasjonstida på mange vis gravd fram att bak buskar og kratt og står nå fram nærast som ei gjenoppdaga arkeologisk perle. Vel verdt eit besøk!
Litt lenger sør kan du parkera ved grendahuset Kleivo eller ved Valestarnd skule og starta turen ved å følgja stien frå Kleivo oppover skråningane. Her får du ein flott rundtur forbi mange utsynspunkt.
Ved Førde og sørover til Joavatn og Liervatn er i år 12 postar, som kan nåast med start frå Ålfjordvegen og Liervegen, rundt Joavatn og rundt Børshovda. I Førde nær bustadfeltet i Solheimshaugen og ved samfunnshuset er i år lagt ut tre ulike postar. Ved den eine av desse tre postane kan du bli overraska av kunstnarisk utfalding i skogsmiljøet.
I marka ved Slettafjell, mellom Auklandshamn og Tjernagel ligg 10 postar. Merka stiar på kart og i terrenget er flotte utgangspunkt for rundturar mellom desse 10 postane. Den tredje klynga med turpostar i dette området er ved Slettafjellet og kan nåast ved å starta på stien som er merka på kartet frå nord.
Nytt tilbod i år er 16 postar langs turstien mellom Lyngholm og Ryvarden. Her vil du få flotte opplevingar i ope kystlandskap med sjarmerande innslag enten det bles kuling og regnar vassrett eller er strålande solskinn og lett bris. Nokre få parkeringsplassar finst ved Lyngholm. Men dette området kan og nåast om ein parkerar i Mølstrevåg, går turvegen ut til Ryvarden og bøyer derifrå nordover på stien i retning Lyngholm.

Kåre Ekrene Trafikkskole, Ludolf Eidesgate 6, 5525 Haugesund

Telefon: 52 71 75 66, Telefaks: 52 72 66 64

www.ekrene.no post@ekrene.no

Startskotet går søndag  30. mars.  Alle dei 52 postane er merka med sirkel på kartet. Alle dei 50 postane med nummer frå og med 1 til og med 50 vil stå ute og klar til å ta imot besøk utan pause heilt fram til 26. oktober.

Postkasse og premie: To postkassar er sett ut på to av dei 50 postane. Her er det høve til å skriva namnet sitt i ei bok og vera med på trekninga av premiar. 
 
Kaffipost: Høgdepunkt vår og haust er kaffipostane. Då blir det servert kaffi, saft og kaker ute i naturen. Mange møtest for å drøsa om vanskelege o-postar, fine utsiktspunkt og kjekke turopplevingar. Kaffipostane, nr. 51 og 52, er begge avmerka på kartet med vanlege sirklar. Desse postane står ute kvar sin søndag mellom klokka 12.00 og kl. 15.00.

Prøv Foto-O, tilbod i konvolutten som gjeld både i Sveio sentrum og i Førde. 

Innlevering: Alle som vil ha merke eller plakett etter endt sesong må kjøpa deltakarkort, fylla det ut og senda inn til Karl Inge Instefjord, Øvre Fjellstad 20, 5550 Sveio, innan 1. november.  
NB! Via internett:  Me håpar at enda fleire vil nytta dette tilbodet i år. Her kan du også føra inn dine postkodar etterkvart som du har besøkt postane. Sjå meir info på Sveio O-lag si heimeisde: www.sveiool.org.

Krav til merke og plakett:  På deltakarkortet finn du krava som må fyllast for å oppnå merke.
Etter femte sesongen med oppnådd gullmerke, får du tildelt bronseplakett i staden for merke. Sølv- og gullplakett kan sidan vinnast etter 10 og 15 år med gullsesongar. Ein kan og oppnå plakettar etter 20 og 25 år med gullmerke.
NB!Merke og plakett er inkludert i prisen når du kjøper deltakarkonvolutt/kontrollkort.

Jakttid: Jakta etter hjort  startar 10. september og varer heilt fram til 25. november utan pause.
Rådyrjakta, som samlar langt færre jegerar enn hjortejakta, varer frå 25. september til 23. desember. Jakta etter rådyrbukk pågår heilt frå 16. august til 23. desember.
Kle dykk fargerikt i jakttida.  
 
NB! Gå ikkje over innmark. Parker ikkje i tunet til folk eller langs privat veg!

Meir info gjennom heile sesongen: www.sveiool.org


Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008