Resultater og løyper etter Nærløp

Av Kristian   02.09.10

Resultatene finner du her
Pga. feilplassert post 3 i langløypa, er det besluttet å stryke tid brukt mellom post 2 og 4.
Løyper:
Lang
Mellom
Kort
Lett kort
Ny


Sveio O-Lag innbyr til Nærløp

Av Kristian   25.08.10

SOL logo
Sveio Orienteringslag
Innbyr til
Nær-o-løp
Tirsdag 31. august 2010
Start: Frå kl. 18.00

Samlingsplass og start: Auklandshamn skule
kart til Auklandshamn
Løyper:
Lang (A):  4,3 km
Mellom (A):  3,0 km
Kort (B):  2,0 km
Lett kort (C): 1,8 km
Nybegynnar:  1,5 km

Kart: Auklandshamn, 1:10 000 teikna og synfart i 2004 med visse oppdateringar seinare.
Dei tre kortaste løypene får nytta kart i målestokk 1: 5000.

Vel møtt!

Med helsing
Sveio O-lag

www.sveiool.org



Ungdom laga skulesprint

Av Kristian   11.07.10

Spurt inn til mål


Tre av Sveio O-lags ungdommar, Kristian, Sunniva og Bjørnar planla og gjennomførte årets skulesprintarrangement for 4 til og med 7. klasse på Førde skule.
På arrangementsdagen fekk dei god hjelp av Lillian Wirkola og av lærarar og andre tilsette ved Førde skule.
O-dagen ved Førde skule onsdag starta med generell innføring om kart og karteikn. Deretter blei alle dei 75 elevane inndelt klassevis slik at kvar klasse etter tur besøkte ein aktivitetspost langs ei rundløype. Aktivitetspostane var hinderløype med tidtaking, karteiknstafett og litt utfyllande teori om kartet, stjerneorientering og ”Følg John”.
I lunsjpausen var grillen rigga til og O-laget serverte nygrilla pølser i brød med saft attåt. Eit særs populært tiltak. O-dagen ved Førde skule blei avslutta med eit o-løp som hadde start ved banken ned i sentrum av Førde og mål på skulen.
O-løypa kunne elevane springa gjennom enten to og og to saman eller individuelt. Ved målpassering fekk alle utdelt årets skulesprintpremie.



Skulesprint i sommarver

Av Kristian   09.06.10

O-teknisk introduksjon i starten

I flott forsommarver inviterte Sveio O-lag sine ungdommar 9. klassen ved Førde skule til ein heil O-dag ute i det fri. Dagen starta med teoretisk innføring i bruken av kart og kompass. Deretter blei 9. klassen delt inn i tre grupper som sirkulerte mellom tre ulike aktivitetsstasjonar. På den eine stasjonen var utfordringa stjerneorientering kor deltakarane fekk innteikna ein post på kartet som dei skulle finna ute i terrenget. Når posten var funnen måtte deltakaren inn til stasjonen og få ny oppgave.
På neste arbeidsstajson var oppgåva hinderløp mellom anna gjennom eit tjukt brakafelt. Her var det tidtaking og innsatsen var heilhjarta for å oppnå bestetida.
Ved trejde arbeidstasjon skulle elevane delta i kartteiknstafett og deretter følgja oppgaveleiaren rundt i terrenget i ei øving kalla "Følg John". Alle deltakarane laut heile tida følgja med på kartet kor ein flytta seg i terrenget for å kunne slå fast ved kvart stopp kor ein var i høve kartet.
I matøkta blei det servert nygrilla pølser. Etter litt kvile kunne elevane prøva det dei hadde lært i ei enkel o-løype med tidtaking.
Sjå fleire bilete frå Skulesprinten her



Flott KM-helg

Av Kristian   08.06.10

Ni løparar frå Sveio O-lag har denne helga representert klubben i to-dagars kretsmeisterskap i Haraldsvang i Haugesund der HIL si o-gruppe har vore arrangør. Perfekt ver for o-løp, men litt kald vind for tilskuarane.
Sveio O-lag sine yngste løparar hevda seg best og oppnådde sterkast resultat lørdagen. Det blei to fjerdeplassar i sprint-KM. Louise Fiskå og Bjørnar Sandvik Førde oppnådde kvar sin fjerdeplass i høvesvis jente- og guteklassa for 13- til 14-åringar.
Jørgen Fiskå vann den yngste nybegynnarklassa for gutane, medan Sunniva Sandvik Førde blei nummer ni den største klassa på kvinnesida, D17.
Sveio O-Lag si klubbfane
Sveio O-lag heiste si nye klubbfane under KM i Haugesund i helga.
KM Ultralang
God innsats hos dei unge løparane frå Sveio O-lag: Fra venstre Sunniva Sandvik Førde, Louise Fiskå, Bjørnar Sandvik Førde og Jørgen Fiskå.

Resultater:
Sveio O-Lag på KM Sprint(lørdag)
Sveio O-Lag på KM Ultralang(søndag)


Sterk i friluft på Festningen av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 30.05.10
Familiedag i friluft på Festningen av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 19.05.10
Krevande moro i skogen om natta av Kristian i kategori Løp 10.04.10
Startlister til KM Natt 2010 ligger ute av Kristian i kategori Løp 08.04.10
Turorientering erstattar skiløypa av Kristian i kategori Turorientering 24.03.10
Årsplan for Sveio O-lag 2010/11 av Kristian i kategori Diverse 28.02.10
Val under Sveio O-lags årsmøte 16. februar 2010 av Kristian i kategori Diverse 18.02.10
Årsmøte av Kristian i kategori Diverse 14.02.10
Premiar til gode prestasjonar av Kristian i kategori Turorientering 07.02.10
Heider og ære til dei ivrigaste i skogen av Kristian i kategori Turorientering 26.01.10
Kaffipost i teltet av Kristian i kategori Turorientering 24.09.09
TURORIENTERING
av Kristian i kategori Turorientering 19.09.09
Strålande o-lørdag,men ny vinnar i D17 av Kristian i kategori Løp 07.09.09
Resultater etter KM Mellom, Sonemeisterskap og Pokalkamp 2009 av Kristian i kategori Løp 05.09.09
PM og oppdatert startliste av Kristian i kategori Løp 04.09.09
Startlister til KM Mellom og Sonemeisterskap 2009 av Kristian i kategori Løp 04.09.09
Pokalkampenresultater etter KM Lang i Suldal av Kristian i kategori Pokalkampen 26.08.09
Endringar i Pokalkampen 2009 etter 2-dagars i Odda av Kristian i kategori Pokalkampen 14.08.09
Innbydning til KM Mellom 2009 og Sonemeisterskap 2009 av Kristian i kategori Løp 10.08.09
Mange fann fram av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 17.06.09
Nye klubbdrakter klar for medlemmene. av Kristian i kategori Diverse 12.06.09
Finn Fram dag av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 12.06.09
Pokalkampen etter Vikesprinten av Kristian i kategori Diverse 24.05.09
Stor deltaking i Nær-o-løpet på Einstabøvoll av Kristian i kategori Løp 23.05.09
Nærløp 12. mai av Kristian i kategori Løp 04.05.09
Sesongstart for turorientering av Kristian i kategori Turorientering 02.04.09
Ny klubbdrakt av Kristian i kategori Diverse 06.04.09
Grasrotandelen av Kristian i kategori Diverse 06.04.09
Endt årsmøte av Kristian i kategori Diverse 19.02.09
Premiedryss på årsavslutninga turorientering av Kristian i kategori Turorientering 16.02.09
ÅRSMØTE av Kristian i kategori Diverse 15.02.09
Årsfest med merkeutdeling av Kristian i kategori Turorientering 04.02.09
Gullsesong for tur i skogen av Kristian i kategori Turorientering 03.02.09
Vakkert ver over prøve-o-løp av Kristian i kategori Diverse 24.09.08
O-løp under Førdedagane av Kristian i kategori Løp 19.09.08
Suksess i Auklandshamn av Kristian i kategori Løp 19.09.08
Prøv O-løp i Auklandshamn av Kristian i kategori Løp 12.09.08
Turorientering på kyrkjejubileum av Kristian i kategori Turorientering 07.09.08
Dagens løype med postar inni og utanfor den jubilerande Sveio kyrkje. av Kristian i kategori Turorientering 07.09.08
Sveio O-lags Vestlandsmeister av Kristian i kategori Løp 07.09.08
Turorientering med kaffipost i kyrkja og på kyrkjebakken av Kristian i kategori Turorientering 02.09.08
Resultater etter nærløpet 26. aug 2008 av Kristian i kategori Løp 26.08.08
Nærløp 26. august av Kristian i kategori Løp 24.08.08
To gonger o-dag i skulen av Kristian i kategori Skulesprinten 24.06.08
Dugnad og gjester i paradis av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 07.06.08
Sommarleikar i det fri av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 25.05.08
Seks flotte turar i Sveio kommune av Kristian i kategori Diverse 12.05.08
Resultatene til Sonemeisterskapet 2008 av Kristian i kategori Løp 27.04.08
PM til Sonemeisterskap 2008 er klart av Kristian i kategori Løp 27.04.08
Startlistene for sonemeisterskapet er klare av Kristian i kategori Løp 26.04.08
Viktige filer:
PM for KM Natt 2010
Historisk info om Festningen, Tittelsnes
Innbyding til KM Natt 2010, Revidert
Referat årsmøtet 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Valresultat 2009
Årsmeldinga 2007
Årsmeldinga 2006
Årsmeldinga 2005
Turorientering på nett:

Ingen bruker? Opprett en bruker her.
Glemt passordet ditt? Få tilsendt nytt passord her.

Kalender:
« September 2010 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
36  0102030405
3706070809101112
3813141516171819
3920212223242526
4027282930
Neste løp:
Langdistanse 04.09
Stad: Resafjell
Arrangør:
OK Ålgård
Resultater 2010
Merkevinnere turorientering 2009
Resultater frå O-sesongen 2009