Nytt tur-o-tilbod i sommar i Rex garden i Førde.

Av Kristian den 29.06.21

Foto: Thomas Førde

Sveio O-lag har fått utarbeidd eit flunkande nytt o-kart over Førde sentrum. Me tar kartet i bruk for første gong denne sommaren ved å tilby postjakt i det idylliske turområdet mellom Førde kyrkje langs elvastien og ned til parken ved stranda. Postjakta held fram nordover langs stranda, framom Prestabryggjo og inn i Rex Garden og til Lauvneset.

Postane er markerte med små stolpar som er malte raude og kvite i toppen. På stolpane er limt ein lapp med posten sitt nummer, bokstavkode/talkode og QR-kode.

Registrering av postbesøk kan såleis skje både via mobiltelefon, via PC eller innsending på papir, som i gamle dagar. Poeng frå postbesøk i sommar tel i samandraget for dei som deltar i Sveio O-lags tur-o-tilbod i 2021. Me har i tillegg eiga premiering for Sommar-t-o-uren.

Alle postane kan nåast via gangveg/sti, med barnevogn og med rullestol. Kartet kan lastast ned gratis frå Sveio O-lag si side hos turorientering.no/sveio/

Papirkart vil bli gjort tilgjengeleg i kiosken på Strando, i butikken i Førde og på Haukås bensinstasjon.

God postjakt i sommar!

Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008