Fyr-O: Prøv orientering fra Ryvarden fyr

Av Kristian den 18.05.19

For første gong i soga skal det arrangerast orienteringsløp frå Ryvarden fyr. Det skjer laurdag 1. juni. I ope landskap, med små kollar og haugar i spedd myrar og berg som er fint springa på. Dei som har kondisen i orden kan halda høg fart. Dei som aldri har deltatt i ø-løp før, får her sin eineståande sjanse til å prøva enkle og korte løyper med mange postar i eit oversiktleg terreng.
Stemnet 1. juni er kretsmeisterskap i mellomdistanse for Rogaland o-krets. Umiddelbart etter løpet blir det utdeling av medaljar og premiar. Alle som deltar i dei yngste klassane, til og med 12 år får premie. Men me har tilbod om enkle løyper også for dei som er ungdommar og vaksne.
Første høve til å starta er kl. 14.00 for nybegynnar. I den kortaste løypa blir det høve til påmelding ved start.
Under arrangementet på idylliske Ryvarden fyr blir det sal av brus, pølser, kaffi og kaker.
Velkommen!

Sjå fullstendig innbyding til arrangementet her: https://eventor.orientering.no/Documents/Event/18976/1/Innbydelse
Påmelding på Eventor:


Årsmøte 2024:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008