Krevande moro i skogen om natta

Av Kristian den 10.04.10

På veg inn til siste post

Meir enn 80 o-løparar frå Rogaland og Hordaland stilte til start klokka 22 om kvelden på sjølvaste 9. april. Dei skulle ikkje berre markera at det var 70 år sidan tyskarane hærtok landet. O-løpararen konkurrerrte om medaljar i kretsmeisterskapa i nattorientering.
Mål og samlingsplass var lagt til den gamle tyske festningen på Tittelsnes lengst nord i Sveio kommune. Sveio O-lag har her investert i nytt kart over det småkuperte lett skogkledde landskapet nord for festningen.

Resultater for KM Natt 2010
Løypeleggar Thomas Førde hadde laga fire utfordrande løyper til natt-o-løpet. Dei to lengste løypene på A-nivå var o-teknisk krevande i eit terreng som krev full konsentrasjon heile tida. Mange brukte monaleg lengre tid i løypa enn dei ville ha gjort i dagslys. Men arrangørene har fått fleire gode tilbakemeldingar frå dei aktive om gode løyper.
Vinnarane i KM for Hordaland var brørne Bjarte og Kenneth Westerheim, som båe var nær ei sluttid på 50 minuttar. Håkon Westergård i juniorklassa var heller ikkje langt unna.
Nest best tid hadde Stig Alvestad frå Wing Ok i Trondheim som stilte utanfor sjølve KM. I Rogalands KM i den lengste løypa sigra ungdommen med Simen Åmodt føre Fredrik Omdal.
Dameklasane i Rogaland blei vunnen av Aud Taksdal føre Berit Kristien Lima og Vibeke Lamark. Skuffande at ingen kvinnelege o-løparar frå Hordaland deltok i seniorklassa.
I dei to kortaste løypene var alle postane lagt silk at sti og veg kunne følgjast som vegval. Mange av dei unge urøynde innan nattorientering fekk prøva ukjent terreng i mørkre med stor suksess. Brei ungdomsdeltaking hadde samanheng med at Rogaland O-krets la sin ungdomsleir til festningsanlegget på Tittelsnes denne helga.
Årets KM i nattorientering blei velsigna med flott og stjerneklart opphaldsver. Dei sist startande som kom i mål over midnatt fekk oppleva nattetemperatur så vidt under null grader. Dermed blei KM i nattorientering også eit to-dagars løp. Aktive og leiarar rosa arrangøren for eit vellukka meisterskap i mørkre.

Løype 1 | Løype 2 | Løype 3 | Løype 4
Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008