NB!    Nytt  av året : FOTO-ORIENTERING       NB! 
  Som ein prøve har me tatt 9 stk foto frå ulike stader og detaljer rundt  i Førde-bygda. Bildene er nummererte frå 1 til 9 på framsida av arket, som ligg  i konvolutten. På baksida av arket finn du kart over Førde med innteikna 9  postar,  som har fått kvar sin bokstav  frå dei ti første bokstavane i alfabetet. Ved å besøkja postane skal du finna  ut kor dei ulike bildene er tatt og kobla rett tall til rett bokstav. Det heng ingen postflagg  på den avmerka posten på kartet. Lukke til. 
  Kulturminnepostar 
  Fleire stader ute i  terrenget vil finna postar som er ustyrte med info om tidlegare tiders  hendingar, bruk og innretningar. Dette gjeld postar som er plasserte i  nærleiken av stader som det knyter seg kulturhistorisk interesse rundt. På  desse postane vil du finna eit oppslag med historisk informasjon som kan bidra  til å auka verdien av turen.

Kontrollkort  på internett 
  Sveio O-lag kunne i fjor for første gong  tilby kontrollkort på internett. Tilbodet vart populært. I år håpar me at enda  fleire registrerer seg og legg inn alle besøkja på Tur-o-postane på nettet. Det  tradisjonelle kontrollkortet i papir kan i så fall nyttast som ein kladd eller  noterinsgark. Når du kjem heim etter turen kan du gå inn på nettet, registrera  deg som brukar og leggja inn kva postar du har besøkt. Sjå meir info med adresse for pålogging på  Sveio O-lag si heimeside: www.sveiool.org
  Finn  Fram dag for heile familien på Festningen Tittelsnes søndag  19. juni med aktivitetsløype,  premiar og sal av mat og drikke. Området rundt Festningen og terrenget nordover  mot Røysanes på nordspissen av Sveio kommune var i fjor eit heilt nytt området  for turorientering.  
  Flott område ved sjøen innbyr til grilling og  bading. Fleire organisasjonar har meldt seg på for å delta i friluftsmønstringa  denne dagen, kor det også blir instruksjon i bruken av kart og kompass. 
| 
 
 | 
| 
 
 | 
| 
 | 



 
 
