Ungdom laga skulesprint
Av Kristian 11.07.10
Tre av Sveio O-lags ungdommar, Kristian, Sunniva og Bjørnar planla og gjennomførte årets skulesprintarrangement for 4 til og med 7. klasse på Førde skule.
På arrangementsdagen fekk dei god hjelp av Lillian Wirkola og av lærarar og andre tilsette ved Førde skule.
O-dagen ved Førde skule onsdag starta med generell innføring om kart og karteikn. Deretter blei alle dei 75 elevane inndelt klassevis slik at kvar klasse etter tur besøkte ein aktivitetspost langs ei rundløype. Aktivitetspostane var hinderløype med tidtaking, karteiknstafett og litt utfyllande teori om kartet, stjerneorientering og ”Følg John”.
I lunsjpausen var grillen rigga til og O-laget serverte nygrilla pølser i brød med saft attåt. Eit særs populært tiltak. O-dagen ved Førde skule blei avslutta med eit o-løp som hadde start ved banken ned i sentrum av Førde og mål på skulen.
O-løypa kunne elevane springa gjennom enten to og og to saman eller individuelt. Ved målpassering fekk alle utdelt årets skulesprintpremie.
Skulesprint i sommarver
Av Kristian 09.06.10
I flott forsommarver inviterte Sveio O-lag sine ungdommar 9. klassen ved Førde skule til ein heil O-dag ute i det fri. Dagen starta med teoretisk innføring i bruken av kart og kompass. Deretter blei 9. klassen delt inn i tre grupper som sirkulerte mellom tre ulike aktivitetsstasjonar. På den eine stasjonen var utfordringa stjerneorientering kor deltakarane fekk innteikna ein post på kartet som dei skulle finna ute i terrenget. Når posten var funnen måtte deltakaren inn til stasjonen og få ny oppgave.
På neste arbeidsstajson var oppgåva hinderløp mellom anna gjennom eit tjukt brakafelt. Her var det tidtaking og innsatsen var heilhjarta for å oppnå bestetida.
Ved trejde arbeidstasjon skulle elevane delta i kartteiknstafett og deretter følgja oppgaveleiaren rundt i terrenget i ei øving kalla "Følg John". Alle deltakarane laut heile tida følgja med på kartet kor ein flytta seg i terrenget for å kunne slå fast ved kvart stopp kor ein var i høve kartet.
I matøkta blei det servert nygrilla pølser. Etter litt kvile kunne elevane prøva det dei hadde lært i ei enkel o-løype med tidtaking.
Sjå fleire bilete frå Skulesprinten her
To gonger o-dag i skulen
Av Kristian 24.06.08
Sjå bilete frå dagane her

Gildesprinten blei til to heile aktivitetsdagar ved Førde skule. To av ungdommane i laget, Johannes og Sunniva, hadde ansvaret for planlegging, førebuing og gjennomføring begge dagar. Andre medlemmar i laget ytte viktige og avgjerande bidrag som tilretteleggarar og funksjonærar på ymse vis. Viktig innsats ytte også lærarar ved Førde skule.
Torsdag 12. juni samlast 9. klasse til O-dag og Gildesprint på Lier. Johannes heldt innleiingsvis ei økt med teori om kartteikn og forståing av kartet.
Denne økta blei avrunda med kartteiknstafett, der elevane fekk prøva si forståing for litt av det dei lærte i teoriøkta.
Deretter blei klassen på om lag 25 stk delt inn i grupper som fordelte seg på tre ulike stasjonar i terrenget.
| Heile historien |
Full fart gjennom myr og brakje
Av Kristian 19.06.06

Sveio O-lag arrangerte 2-dagars Gildesprint ved Førde skule i Sveio
Spring alt du orkar gjennom eit felt med høg, tett og stikkande brakje. Dette var ei av oppgavene som niandeklassingane ved Førde skule i Sveio blei utfordra til under årets Gildesprint.
Sveio Orienteringslag arrangerte i år Gildesprint for første gong i ungdomsskulen. Ein heil dag i det knallfine sommarveret var sett av til læring om kart og kompass saman med utfalding i skog og mark.
Arrangementet var lagt til ei nye speidarhytte, som Ryvarden krets har ført opp på Lier ved Førde i Sveio kommune. I dette idylliske terrenget mellom gardstun, skogsvegar, furuskog, lyng, brakje, bratte knausar og innbydande blanke vatn, har Sveio O-lag i samarbeid med Ryvarden Speidarkrets laga eit flunkande nytt orienteringskart.
For fleire bilete av mellomtrinnet, trykk her
For fleire bilete av 9. klasse, trykk her
| Heile historien | Les kommentarer |
Suksess med Gilde-sprinten i Førde
Av Kristian 14.06.05
Responsen frå lærarar og elevar var grenselaust god. Starumen av ros og takk frå skulen har ennå ikkje gitt seg.
Gildesprint-tilbodet er ei fantastisk pakke som langt fleire klubbar bør nytta seg av. Rett innhald i ei slik innpakking kan skapa ein fantastisk godvilje for o-sporten.
50 elevar ved Førde skule i Sveio fekk torsdag 9. juni nyta godt av o-sportens dag i skulen saman med saft og grillpølser.
Sveio O-lag med godt støtte frå Gilde, skipa til Gildesprinten, eit skreddarsydd aktivitetsopplegg med kart og kompass i sentrum, tilpassa mellomtrinnet i skulen.
| Heile historien | Les kommentarer |

