Finn Fram dag med orientering og speiding

Av Kristian den 10.09.19
Kø for å lese av brikker ved speed-orienteringMange som ville prøve speed-orientering på Finn Fram dagen 2019

Mange fann fram til årets Finn Fram dag i det idylliske friområdet og parkområdet Strando ved Prestabryggjo og Rex Garden i Førde. Åtte postar hadde Sveio O-lag plassert ut i ei rundløype som gjekk langs stranda, i parken og i Rex Garden, kor ymse aktivitetar kunne prøvast. Speidarane kunne tilby kano- og kajakkpadling og livlinekasting, medan o-laget arrangere luftgeverskyting, kviss og speedorientering. Alle deltakarane fekk utdelt kart med ei rundløype innteikna. I tillegg til dei ymse aktivtetane hadde postane o-tekniske spørsmål som deltakarane måtte svara på. Ved målpassering fekk alle som fuillførte årets Finn Fram-premie. Nær 150 deltakarar fullførte rundløypa.
På arenaen kunne arrangørane tilby sal av grillpølser, pinnebrød, kaker, saft og kaffi. Trass i eit skiftande ver med heftige regnbyger under arrangementet var det innslag av sol og opphaldsver som sette sitt preg på humør og aktivitetsnivå.
Hovudarrangør var Sveio O-lag som hadde med Førde-speidarane og Bua-speidarane som medarrangørar.


Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008