Mange fann fram
Av Kristian den 17.06.09
Full konsentrasjon om å oppnå bestetid i o-løypa på Finn Fram dagen
Sveio Orienteringslag saman med fem andre friluftslag i kommunen, inviterte søndag til Finn Fram-dag med aktivitetspostar på sjø og land. Deltakarane fekk ved start utdelt eit kart med avmerka åtte ulike aktivitetspostar.
På kvar post skulle deltakarane svara på spørsmål om kart og kompass, samtidig som dei ulike friluftslaga byr på sine særprega aktivitetar, informasjon og servering.
Sjå fleire bilete frå dagen her
Sveio Jeger og Fisk underviste i bruken av fiskestong. Den eine deltakaren etter den andre drog opp blanke makrellar or djupet.
Sveio Skyttarlag heldt skytekonkurranse med luftgever på sin post. Her var det brei deltaking i alle aldersklassar.
På kystlaget sin post samla det seg etterkvart mange rundt bordet for å smaka på lubbesild og kokte poteter. Her gjekk praten livleg om gamle skøyter og færingar med utsikter til ein vakker solbank fjord.
Arjen Kraaijeveld frå Buaspeidarane demonstrerar bruken av blåserøyr utan giftige piler.
Ørevik 4H selde eit utal grillpølser medan meir enn 40 av dei yngste deltakarane fekk testa kor raskt dei unge springa innom fem ulike orienteringspostar med moderne digitale tidtakarbrikke i handa.
Rundløypa som Sveio Orienteringslag hadde stukke ut, enda på kaien i Liereid kor det var sal av kaffi og kaker, slik turorienterarane brukar å runda av vårsesongen i skog og mark.