Turorientering frå Lyngholm til Ryvarden

Av Kristian den 23.03.14
TurO-utvalget pakker i konvoluttar
Sveio Orienteringslag held dugnad for å pakka og gjera klart for sal årets kart og materiell til turorientering. Fra venstre: Astrid Førsund, Olaug Fagerland, Karl Inge Instefjord, Øystein Opedal og Thomas Førde.

Sesongstart søndag 30. mars
Familiepakke: 50 tur-o-postar og fem kart klar til bruk.
Barnas o-tur/Nærtrim: Eigen pakke med fire kart og 20 postar

Salet startar torsdag 27. mars på desse stadene:
Haukås Bensinstasjon, Servicetorget i Sveio kommune og Førde Dagligvare.
logo

Prøv og Foto-Orientering og tur-o via internett!
Arr: Sveio Orienteringslag

Årets nye tilbod i Sveio O-lags turorientering er mellom anna tur-postar i nærleiken av stien mellom Lyngholm og Ryvarden. Dette er eit kjent turområde for mange. Men nå kan turgåarane få påskot til å bevega seg litt utanfor den opptrakka stien i det spennande, opne og kanusete terrenget fylt med små og litt større utkikspunkt og med spredte idylliske små vatn innimellom.
Sveio Orienteringslag opnar sin tur-o-sesong førstkomande søndag , 30. mars, med å tilby 70 postatr som er klargjot for besøk.
Ønskjer du å vitja eit anna slag terreng litt høgare over havet enn terrenget mellom Lyngholm og Ryvarden, kan du ta turen rundt eller til toppen av Børshovda. Du får dessutan flott utsyn om du legg turen mellom postar rundt Valesåto.
Sveio O-lag kan dessuten tilby flotte turar rundt Slettafjellet mellom Auklandshamn og Tjernagel, ved Festningen på Tittelsnes og ved samfunnshuset i Førde.
Fleire stader kan turgåarar finne overraskingar undervegs, som til dømes kulturminneoppslag som legg ein ny dimensjon til naturopplevinga.
20 av årets postar utgjer ei pakke med enklare postplasseringar og løyper. Desse postane finst i ulike nærområde rundt skular og bustadfelt på fleire stader i kommunen, eit tilbod som eignar seg særs godt for dei yngtse og for alle andre som vil testa ut kva turorientering går ut på.
Med i årets pakketilbod innan turorientering er og foto-orientering, som Sveio O-lag har hatt stor suksess med dei siste åra.

Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008