Solrik Finn Fram dag med populær maskott

Av Kristian den 16.06.13
Trygve Trygg på FinnFramdagen 2013
Mange av barna som deltok i Finn Fram dagen ved Ryvarden kulturfyr blei godvenner med årets gjestande maskott, Trygve Trygg.

Fantastisk sommarver med ein himmel over Ryvarden fyr som tevla med havet om å tiltrekkja seg mest venleik og merksemd.
I denne sjeldne flotte ramma kom ein jamn straum av turgåarar vestover mot Ryvarden kulturfyr. Straks før turfolket kom fram til fyret blei dei møtte av maskotten Trygve Trygg saman med fleire representantar frå Sveio O-lag.
Mange av dei yngste deltakarane ville svært gjerne helsa på Trygve Trygg. Men nokre av dei aller yngste viste likevel ein viss skepsis til den utkledde og ukjende.

Rundløype med servering
Alle turgåarane fekk tilbod om å prøva seg i ei rundløype med innlagte postar som hadde o-tekniske oppgåver. Langs Finn Fram-løypa var og aktivitetspostar og lett servering.
Mellom Aktrivitetane var skyting med luftgever og sprintløype med tidtaking. Her kunne gamle og unge få teksta sprintforma. O-laget sine tidtakarbrikker blei nytta til å måla kven som var raskast rundt løypa.

Etterpå kunne deltakarane kjøpa Ørevik 4H sine nygrilla villmarkspølser og Sveio O-lag sine kaker med kaffi eller saft attåt.

Premiar
Alle som leverte inn rett svar på oppgåvene frå den o-tekniske prøvinga i Finn Fram-løypa, blei med i trekkninga om kjekke premiar. Her vann Sigurd Kalkvik, Adrian Grinde og Sebastian Worum Andersen dei tre oppsette premiane.
I loddtrekkinga blant deltakarane i sprintløypa vann Håvard Valen Lie premie.
Alle som let seg registrera som besøkjande ved Sveio O-lag sin Kaffipost blei og med i trekking om ein premie. Her vann Luna Mæland.

Trykk her for fleire bilete frå Finn Fram dagen 2013

Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008