Tur-o-vinnarane får som fortent

Av Kristian den 23.11.12

Finn fram dagen 2012
Turorientering eignar seg for alle aldersgrupper: Synnøve og Kolbein Espeset med barnebarnet Aksel på postjakt i Slettene.
Tur-o-sesongen er ført fram til eksamensfesten. Fredag 23. november skal plakettar og merke i gull sølv eller bronse delast ut til dei mange som fortener heider og ære. I år kan me heidra ein plakettvinnar, som har gått til gullmerke gjennom 20 sesongar. Årets mestvinnande tur-o-deltakar heiter Reidun Haukås. Ho har synt imponerande vilje ettersom ho har besøkt minst 1000 tur-o-postar i løpet av dei 20 siste åra.
Like bak Reidun Haukås kjem denne gongen tre andre plakettvinnarar, som har oppnådd gullmerke 15 år på rad. Dei tre er Astrid og Eivind Nesse og Karl Inge Instefjord. Alle desse blir heidra fredag 23. november under årsfesten i Førde Samfunnshus.
Der er imponerande at nær 50 tur-o-deltakarar har besøkt minst 50 postar denne sesongen og dermed gjort seg fortent til gullmerket.
Der er samtidig særs gledeleg at svært mange barn og unge har nytta tilbodet Barnas Tur-o/Nærtrim. Dei mange merkevinnarane i desse klassane vil også få tildelt synleg bevis på heider under årsfesten.
Det aller nyaste tilbodet innan turorientering er Foto-orientering. Denne sesongen kunne Sveio-O-lag tilby to ulike tilbod innan Foto-o, eit i Førde og eit anna tilbod i Sveio sentrum. Alle deltakarar, som har sendt inn løysingsordet frå Foto-o, blir med i trekning om premiar.

Merkevinnarar 2012

Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008