Ungdom laga skulesprint
Av Kristian den 11.07.10
Tre av Sveio O-lags ungdommar, Kristian, Sunniva og Bjørnar planla og gjennomførte årets skulesprintarrangement for 4 til og med 7. klasse på Førde skule.
På arrangementsdagen fekk dei god hjelp av Lillian Wirkola og av lærarar og andre tilsette ved Førde skule.
O-dagen ved Førde skule onsdag starta med generell innføring om kart og karteikn. Deretter blei alle dei 75 elevane inndelt klassevis slik at kvar klasse etter tur besøkte ein aktivitetspost langs ei rundløype. Aktivitetspostane var hinderløype med tidtaking, karteiknstafett og litt utfyllande teori om kartet, stjerneorientering og ”Følg John”.
I lunsjpausen var grillen rigga til og O-laget serverte nygrilla pølser i brød med saft attåt. Eit særs populært tiltak. O-dagen ved Førde skule blei avslutta med eit o-løp som hadde start ved banken ned i sentrum av Førde og mål på skulen.
O-løypa kunne elevane springa gjennom enten to og og to saman eller individuelt. Ved målpassering fekk alle utdelt årets skulesprintpremie.

